Translate

Tess of d'Urbervilles

Tess d'Urbervilles, AUSmove 

Mørkeraude, lysande, fløyelsaktige, hengande roser med lysegrønt lauv. Det er vanskeleg å få fram rette fargen når ein fotograferer denne. Oftast blir fargen altfor "tam" på bilete, men eg har prøvd å plukke ut dei bileta der fargen er rettast.
Eg har tre av denne: Ei ved husmuren mot vest, og to som har lege i ei trillebår i heile sommar, fordi dei måtte flyttast under ombygging av inngangspartiet.







8. juli 2014
10. aug 2015

Til venstre:
Tidlegare plassering mot aust ved den gamle inngangen, saman med Arabella klematis.

Til høgre:
Ved kjellarmuren mot vest. Denne vart klipt ned sommaren 2014 pga. svartflekk- Kom fint att i 2015.



2xTess blomstrar i trillebår juli 2015
Stikling 17.juni - 30.aug





Under flyttinga 17. juni knakk det av ei grein, som blei delt opp i bitar og sett i mold i ei krukke i skuggen. Alle røtte seg og voks. Ser ut som det er veldig lett å ta stiklingar av Tess.




  







Berre dei små, nyutsprungne rosene har duft, synst eg, middels sterk gammaldags roseange, med snev av tobakk.
Dei fullt utsprungne luktar lite.




























Meir om Tess:
http://www.helpmefind.com/rose/l.php?l=2.18153
http://floralinnea.se/tess-of-the-d-urbervilles.html

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar