Translate

Russeliana

Old Spanish Rose, Scarlet Grevillei, Grevillei scarlet, Russell's Cottage Rose,Cottage Rose (Ukjend, før 1826) Rosa multiflora-Hybr., Souvenir de la Bataille de Marengo.


 Eg kjøpte Russeliana mest fordi eg trong ei sterktveksande klatrerose som kunne stå attmed husveggen i skuggekråa mot nordaust. Etter at eg fekk oppleve Russeliana i røynda, har eg vorte svært begeistra for denne rosa.


Veksten er kraftig og rask.

På knoppane, stenglane og blada er der kjertlelhår, som skil ut ein velluktande harpiks. Du blir såvidt litt klissete på fingrane når du tek borti, og lauvverket angar friskt og godt.
 
Russeliana vart planta som barrot i november 2014 (frå Floralinnea). Ho er eingongsblomstrande, har mange, men mjuke tornar, og skal kunne bli fleire meter høg, og skal vere ideell for vanskelege tilhøve.






Dei middels store blomstrane går frå rosa til lilla gjennom eit heilt spekter av fargar etterkvart som dei eldest. Også dei grålilla, halvvisne rosene er vakre saman med dei andre fargane. Ein slepp visne, brune roser (som hos t.d. Flammentanz), kronblada dett til slutt av og ned av seg sjølv. Fargen minner mykje om Belle de Crecy.




Meir:
http://floralinnea.se/russeliana.html
http://www.davidaustinroses.com/english/showrose.asp?showr=1000
http://www.helpmefind.com/gardening/l.php?l=2.5565.1

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar