Her er bilete av ei rose som eg trur heiter About Face
(PP17305; aka About Face™, WEKosupalz).
Tom Carruth, USA 2003

Kronblada
er oransje utanpå og gule på innsida. Bileta tok eg i byrjinga av
august i 2014. I år har ho dessverre vorte utsett for rosebrann. Eg var
særleg redd for å miste denne rosa, sidan eg ikkje veit kvar ein kan få
tak i denne sorten, så ho fekk kanskje litt for "godt" stell. Kraftig
gjødsling kan dessverre ha vore medverkande til rosebrann
(barkfläcksjuka, rose cancer), har eg lese no... Eg har prøvd å klippe
bort alle greinene med rosebrann, men blada har falle av nye skot blitt
svarte i tuppen, så er veldig usikker på eg greier berge ho...
Er det einkvan som veit noko meir om denne rosa, så er eg glad for opplysningar.
Her finst meir opplysningar om About Face:
http://www.helpmefind.com/rose/pl.php?n=49955
http://www.weeksroses.com/_Roses/AboutFace.html
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar